Skriv under på oppropet mot barnevernsovergrep

Vi anbefaler å lese på BARNAS RETT.no og forumet Redd Våre Barn E. Løkens FamilieVett Er du i tvil om saksbehandleren din, sjekk Svartelistene Link til sonen Barnevern

Her finner du “de folkevalgtes” e-post adresser og telefonnumre Hva driver politikerne med, Maktbasen

Kritikk- ingen adgang, for det vil vi ikke høre når vi skal feire vår egen fortreffelighet

Barnevernet. “Vi har gleden av å invitere til åpningsseminar med tema: De minste barna i barnevernet.” Denne invitasjonen las eg ein dag i januar på arbeidsstaden min, ei avdeling for for tidleg fødde og sjuke nyfødde. Innbydaren var Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) region Midt-Noreg i høve opninga av eit senter for mor og barn i Molde. Etter fyrst å verte helsa velkoma, kjem det kontra same dag, at eg beklagelegvis ikkje kan kome likevel; seminaret er ikkje for privatpersonar. At eg arbeider som barnesjukepleiar , omgjer ikkje avvisinga; avdelinga er allereide representert.
Kommunepolitikarar var spesielt inviterte. Kommunestyrerepresentanten for SV i Hareid finn fagseminaret svært interessant, men ser seg ikkje syn med å ta del. Men det gjer eg, og påmeldinga hennar av ein kommunepolitikar for SV i Hareid, utløyser interessant aktivitet i rosenes by. Bufetat går inn og sjekkar opplysningane dei har fått, på nettsida til Hareid kommune, og finn ikkje at eg har politisk verv. Vidare grunngjev dei avslaget med at dei forheld seg berre til dei som har meldt seg på innan fristen, og til slutt at lista deira er fullteikna.
Eg spør meg, kva i verda er det for vertskap vi her har med å gjere som snakkar usant so mykje og so glatt? Og kva i all verda for styring har vi av ein offentleg etat som sjekkar identiteten til deltakarane på eit offentleg seminar? Som sjukepleiar på spedbarnsavdeling var eg i høgste grad med i målgruppa deira, og vart avvist. Som politisk vald leiar i ei kommunal nemnd for eit politisk parti, vart eg avvist. Dei oppattekne tillegsforklaringane på avvisingane om stramme prioriteringar grunna stor pågong, var medviten feilinformasjon.
I desperasjon prøvde dei seg med at påmeldingsfristen var utgådd, at det ville skape vanskar for lunschserveringa på storhotellet Rica Seilet med ein etterpåmeld! Eg melde meg på klart innan fristen.
Omlag 20 av dei 190 stolane stod tome. Kurset var ikkje på noko tidspunkt fullteikna. Det var ikkje husrom som mangla i Molde, men rom for innsyn og openheit i ein lukka offentleg etat; ein etat i alarmerande sterk vekst.
Korleis forklarer arrangøren at det i ei forsamling på 170 mann berre var EIN til stades frå den spesielt inviterte gruppa, politikarane? Denne eine kunne ikkje møte. Etter fullmakt møtte eg i hans stad. Dr. philos. Kari Killèn heldt for øvrig eit foredrag. Men korleis løyse dei problema ho skisserte, finst det fleire meiningar om.
Etter lesing av boka “Maktmisbruk og justismord” av Berit Aarset, om barnevernet si tvangsskiljing av barnebarnet hennar frå mor si, fekk eg i fjor trykt to barnevernskritiske kronikkar i Sunnmørsposten. I barnevernet synest det å vere lite rom for meiningsbryting.

Margaret Hennum

Kilde

Vist 174 ganger. Følges av 2 personer.